Søkeresultat for: “

balkong glas til salgs

Andre har kjøpt det du leter etter
Sammenligne med tidligere solgte varer
Solgt Sentrumsnær endeleileghet. Nyare varmepumpe + innebyg...
960 000 ,-
Solgt

12 år sedan

På salg i 8 dager
Borettslagsleil...
Beliggenhet Leilegheten ligg sentrumsnært til med kort gåavstand til Husnes Storsenter og Husnes Storhandel med eit stort og variert vare-og tenestetilbod. I tillegg inneheld Storsenteret fleire triveleg serveringsstader, der du kan nyta alt frå ferske norske bakarvarer til midelshavsmat og andre eksotiske rettar. Her finn du Kulturhuset Husnes med sine varierte tilbod innan film, konsertar og andre kulturopplevingar og Kvinnherad Bibliotek, som også er ein viktig kulturaktør for små og store. I Husnes Storsenter ligg også NAV Kvinnherad og fleire andre offentlege tenestetilbod. Uteområdet til Storsenteret har fått si særmerka utforming med " Torgplassen " som ein særeigen trivselsplass og gjer handleturen og opphaldet til ei oppleving for små og store. Eit " steinkast " unna ligg Husnesparken tilrettelagt med stiar og sitjegrupper for gode naturopplevingar langs idylliske Opsangervatnet.Inneholder Leilegheten går over 2 plan og har slik romdeling: PLAN 1: Gong m/innebygd garderobeskapsoverom m/innebygde garderobeskap - Utbygd bad m/opplegg for vaskemaskin, dusjkabinett, vegghengt toalett m/innebygd sisterne og våtromsvifte. Kvitevarer ikkje inkl.inneboder og kott under trapp m/varmtvasstank. PLAN 2: Vinkelstove m/innebygd omnspeis, varmepumpe og utgong til romsleg altan m/spotlights i takutstikk langs stoveside og til mindre altan over utebod - Kjøken m/boga opning til stove og innreiing m/vitrineskap på vegg. Kvitevarer ikkje inkl. - Gong- Entre m/oppbygd /repos til trapperom frå plan 1 til plan 2. Frittståande garderobeskap ikkje inkl. Utebod v/inngongspartiet.Standard Leilegheten har alminneleg god standard og er fint halden. Den har nyare montert varmepumpe og opplegg for tilknyting til breiband. I 2006 vart bad og vaskerom bygd om til eitt stort bad/vaskerom. Det vart vidare bygd ny romsleg altan m/spotlights i takutstikk langs stovesida og sett inn nye småruta stoveglas. Stovesida fekk ny isolasjon og bordkledning. I 2009 fekk " foreldre-soverommet " nye glas og ny dør til hage/brusteinlagd terrasse. Det vart vidare skifta ny innmat i sikringsskapet til automatsikringar. ENTRE M/REPOS TIL TRAPPEROM Vegger med malt trepanel. Flislagd golv i entre m/varmekablar. Malt trepanel i tak entre. Laminatgolv i repos.Profilert listverk. GONG PLAN 2 - TRAPP/TRAPPEROM FRÅ PLAN 1 OG PLAN 2: Malt trepanel på vegger. Trekvit panel i tak. Gong med laminatgolv. Laminat i inn-og opptrinn trapp. Malte vangar og gelender. STOVE: Overflatebehandla brystningspanel og malt miljøtapet på vegger. Himling med trekvit trepanel. Golv med overflatebehandla trepanel. Profilert listverk. KJØKEN: Laminatgolv. Malt panel i tak. Malt trepanel på vegger. Flisar over disk/vask/komfyr. Innreiing m/fyllingsdørar/frontar og vitrineskap på vegg. Hjørneveggskap. Profilert listverk. BAD: Røyr-i-røyr installasjon. Vegger m/baderomspanelplater. Flisar på golv m/varmekablar. Kvitmalte takplater. Innreiing m/heildekkande servantplate over benkeskap. Speil m/overlys. SOVEROM 1: Vinylbelegg på golv. Malt trepanel i tak. Plata malte vegger. SOVEROM 2: Vegger med dels overmalt tapet og malte plater. Malt trepanel i tak. Vinylbelegg på golv. SOVEROM 3: Laminatgolv. Malt trepanel i tak. Dels plata malte vegger og malte profilerte finerte plater. GONG PLAN 1: Laminatgolv. Vegger dels malt trepanel og overmalt tapet. Malt trepanel i tak.Adkomst Etter å ha teke av til Bogsnesvegen frå Husnes sentrum føl du denne ca. 50 m og svingar av til venstre inn Kolavegen. Føl så denne ca. 50 m før du på ny tek av til venstre og ned mot 4-mannsbustaden Kolavegen 1.Borettslag Sollia BorettslagBebyggelse Sollia BRL har 36 andelsleilegheter delt på 9 vertikaltdelte 4-mannsbustader over 2 plan. Sollia BRL ligg på begge sider av Kolavegen og grensar til Troåslia BRL II og Troåslia BRL IV. I dei tilgrensande burettslaga er same bygningstype.Parkering Romsleg brusteinlagd p-plass nær inngongspartiet. Burettslaget har utarbeidd plan for individuell oppføring av garasje.Tomten Tomteområdet rundt Kolavegen 1D er flatt og lettstelt framfor stoveside og ved endevegg. Ved inngongspartiet er området alfaltert og skrånande oppover mot p-plass og Kolavegen. Tomteområdet er avgrensa med gjerde og hekkplanting mot veg og nabo.Oppvarming Elektrisk m/nyare varmepumpe og vedfyring.Låneinfo DNB NOR BANK ASA - flytande rente f. t. 3,75% p. a. fulle avdrag.Felleskostnader inkl. Renter og avdrag andel fellesgjeld - vedlikehald av bygning, fellesarealer og felles røyr-og leidningsnett - forsikring av bygning - kommunale avgifter og gebyrer - eigedomskatt - forretningsførsel.Omkostninger Kr 5 832,- for gebyrer tinglysing og attestar Statens kartverk - Burettsregisteret, avklaring forkjøpsrett, medlemskap Vestlandske BBL AS.Nøkkelinfo balkong peis rolig off. vann utsikt
Solgt Fint halden 5-roms andelsleil. i frittliggjande 4-m.bustad...
1 150 000 ,-
Solgt

12 år sedan

På salg i 27 dager
Borettslagsleil...
Beliggenhetmannsbustaden Furuvegen 9 ligg skjerma for innsyn og vestvendt på toppen av Troåsen med panoramautsikt mot Husnesfjorden - Stord - Tysnes. Med den vestvendte plasseringa har ein også serdeles gode solforhold. Såvel utsikt som solfyllte dagar og kveldar kan nytast frå dels overbygd terrasse ved stoveside eller frå altan over utbygd stove. Furuvegen 9 ligg i eit roleg buområde med naturgitt nærmiljø og utan gjennomgåande biltrafikk. Frå leilegheiten er det relativ kort veg til skular, barnehage, idretssanlegg og helsesenter. Etter få minuttar med bil eller ein kort spasertur på tilrettelagt stikkveg i barnevognbreidde nær krysset Furuvegen-Skogvegen, er ein i sentrum. Her ligg Husnes Storsenter og Husnes Storhandel og som inneheld eit stort mangfald av vare-og tenestetilbod. I Storsenteret er fleire serveringsstader med alt frå norske bakar-og konditorvarer til a la carte-menyar. Her ligg NAV Kvinnherad og andre offentlege kontor. I tillegg ligg Kulturhuset Husnes her med eit rikhaldig tilbod innan kino, konsertar og teater og Kvinnherad Bibliotek. Serprega og miljøretta utområde gjer det triveleg for både små og store. Eit " steinkast " unna kan ein få fine naturopplevingar i Husnesparken med tilrettelagte stiar og sitjegrupper ved idylliske Opsangervatnet.Inneholder I forhold til arealteikningar vedlagt dokumentoppgåva er det gjort slike endringar: Bod plan 1 er gjort om til open garderobe mot vindfang. Soverom ( 3 ) plan 2 mot inngongsområdet er avdelt med eit allrom mot kott. Kott er utbygd over trapperom og gjort om til sovealkove. Leilegheten har etter dette slike rominndelingar: PLAN 1: Vindfang m/open garderobe med 2-fløya speildørsskap - gong m/dør til stove/kjellar og trapperom til plan 2 - utbygd stove m/glas skyvedør til terrasse, nyare omnspeis og open løysing til kjøken - kjøken m/takhøg innreiing m/innebygd oppvaskmaskin, vitrineskap m/downlights på vegg. PLAN 2: 3 soverom - eitt med innebygd garderobeskap, eitt med stor skyvedørs garderobeskap + innebygd garderobeskap og eitt med dør til altan over utbygd stove - sovealkove ( utbygd kott ) - bad m/dusjkabinett, søyleservant, veggskap m/speil og overlys, nytt toalett, mindre speildørskap på vegg og frittståande toalettskap - gong m/innebygd garderobeskap og luke i tak til krypeloft. Trapperom plan 1 til plan 2 m/senka tak og repostrapp. Kjellar m/matbod + blindkjellar og trapperom m/repostrapp. Komfyr og kjøleskap kan overtakast etter avtale.Standard Leilegheten er gjennomgåande fint vedlikehalden og framstår i hovudsak i lyse fargar. PLAN 1: Vindfang m/garderobe og gong: Laminatgolv. Malt trepanel på vegger. Malt tak. Stove: Overflatebehandla orginalt slipt parkettgolv. Malt miljøstrie på veggene. Malt trepanel i tak. Kjøken: Nyare malt trepanel i tak. Vegger m/malt miljøtapet. Malt innreiing. Parkettlaminat på golv. TRAPP OG TRAPPEROM PLAN 1 TIL PLAN 2: Malt trepanel på vegger og tak. Trekvit overflatebehandla trapp m/repos og vangar. Malt gelender. PLAN 2: Gong: Malt tak. Golv med overflatebehandla trekvit trepanel. Malt trepanel på vegger. Bad-toalett: Flislagd golv m/varmekablar. Innreiing m/malte overflater. Våtromstapet på veggene. Malt tak. 3 soverom: Trekvite golv med overflatebehandla trepanel. Tapetserte vegger. Malte trepanel i tak. Sovealkove: Trekvit overflatebehandla trepanel i golv. Vegger dels malt trepanel og malt miljøstrie. Tak dels malt og malt trepanel. Allrom: Malt trepanel i tak. Golv med trekvit overflatebehandla trepanel. Malt miljøstrie på vegger. KJELLARPLAN M/BOD, TRAPPEROM OG REPOSTRAPP: Trapperom med overflatebehandla trekvit trepanel på vegger + malt mur. Tak trapperom og vaskekjellar har trekvit trepanel. Trekvit overflatebehandla furutrapp og repos. Vaskekjellar har støypt golv og murvegger m/beslag. Bod har trekvit trepanel i tak. Vegger er dels mur og trekvit trepanel. Nyare automatsikringar i sikringskap.Adkomst Frå Husnes sentrum kjører ein Bogsnesvegen mot Sunde og føl denne ca. 500 m for så å ta av til venstre inn Skogvegen og føl så denne ca. 500 til ein kjører inn Furuvegen til høgre. Denne føl ein så til 4. avkjøring på venstre side med parkering til høgre for avkjøringa. Furuvegen 9 ligg til høgre på toppen.Borettslag Tørreshaugen BurettslagBebyggelse Som nærmaste ( og einaste ) nabo til Furuvegen 9 ligg 4-m.bustaden Furuvegen 7 til venstre og litt tilbaketrekt. Området elles er 4-m.bustader på 2 plan over kjellar/blindkjellar. Framfor Furuvegen 9 og i god avstand ligg einebustader i byggjefelt. Hausten 2011 skal alle 4-m.bustadane i Tørreshaugen Burettslag målast utvendig, der burettslaget har ansvaret.Parkering P-plass vis a vis sideveg til venstre mot 4-m.bustaden.Tomten Asflatert langs inngongsområdet. Flatt og lettstelt med mindre plen framfor stoveside.Oppvarming Elektrisk og vedfyring.Låneinfo DNB NOR BANK ASA - flytande rente f. t. 3,75% p. a. Fulle avdrag.Felleskostnader inkl. Renter og avdrag andel fellesgjeld - kommunale avgifter og gebyr - eigedomskatt - vedlikehald bygning, fellesområder og felles røyr-og leidningsnett, forsikring av bygning - forretningsførsel.Omkostninger Kr 5 832,- for avklaring forkjøpsrett, gebyrer tinglysing Statens kartverk - Burettsregisteret,panteattest, medlemskap Vestlandske BBL AS.Nøkkelinfo balkong parkett barnevennlig rolig off. vann utsikt
... eller forsøk å søk etter balkong
 

B  

B  

B  

B  

B  

B  

B  

B  

B  

B  

B  

B  

B  

B  

B  

B  

B  

B  

B  
Vi er nå i Sverige, Danmark, Spania og Russland!
Besök oss i Sverige! AllaAnnonser.se Besøg os i Danmark! Gadyet.dk Visítenos en España! Gadyet.es Посетите нас в России! Gadyet.ru
 
Gadyet.no